Motorpsycho

Motorpsycho er eit trøndersk rockeband som i dag består av Bent Sæther (bass og vokal), Hans Magnus Ryan (gitar og vokal) og Kenneth Kapstad (trommer). På dei siste utgjevingane har også den svenske gitaristen Reine Fiske vore med.

Bandet, som blei starta av Kjell Runar Jensen (trommer), tok namnet Motorpsycho i 1989, og spelte inn sin fyrste kassett året etter – ”Maiden Voyage” (Knallsyndikatet). Debutkonserten deira var ein oppvarmingsjobb for bandet Turboneger på UFFA i Trondheim i april 1990. I desember same år gjekk dei i studio i Oslo for å spele inn debutalbumet Lobotomizer (1991) som blei gitt ut på det Oslobaserte indieselskapet Voices Of Wonder. Deretter skifta dei trommis til Håkon Gebhardt – som debuterte på ein konsert på Fenka, Levanger – og som var med på sytten album fram til han hoppa av bandbussen hausten 2004 (offisielt mars 2005). Konservatorieutdanna Kenneth Kapstad (1979) starta i bandet i 2006 og har vore med sidan.

Andre tungt involverte gjennom tjueseks produktive Motorpsycho-år er mellom anna:

Cecilie Lykke (manager)

Helge Sten (bandmedlem frå 1992 til 1994, produsent fram til 2008, deretter konsulent)

Kim Hiorthøy (har designa så godt som alle plateomslaga sidan Timothy’s Monster (1994), men òg plakatar, t-skjorter og musikkvideoar)

Morten Fagervik (bandmedlem frå 1994 til 1996, elles lysteknikar og turneleiar)

Lars Lien (musikar i 1994, elles teknikar – særleg aktiv mellom 1992 og 1994)

Pieter Kloos (lydteknikar på turné og liveplater, samt med-produsent på Blissard (1996) og Black Hole / Blank Canvas (2006))

Ole-Henrik Moe (fiolin og sag)

Kai Ø. Andersen (teknikar på fire studioalbum mellom 1997 til 2008)

Baard Slagsvold (tangentar, stryk, strykearrangement og koring

Øyvind Brandtsegg (tangentar, stryk, strykearrangement)

Jacco van Rooij (trommis frå 2005 til 2006, ingen innspelingar)

Audun Strype (mastring)

Thomas Henriksen (tangentar, og miksing på dei siste utgjevingane)

Trude Midtgård (lydteknikar på “Maiden Voyage” og Lobotomizer, på ein Danmarkstur og den fyrste Europaturneen til bandet, 1990 – 1993)

Samt plateselskapa: Stickman Records, EMI (Harvest), Sony (Columbia) og Rune Grammofon

Musikken til Motorpsycho er i all hovudsak produsert av bandet (særleg Bent Sæther) og Helge Sten. Dei få unntaka er Kåre Chr. Vestrheim som var med og produserte Heavy Metal Fruit (2010) og The Death Defying Unicorn (2012) og Pieter Kloos som var med-produsent på Blissard (1996), Black Hole / Blank Canvas (2006), og liveplata Roadwork Vol 1.

Trass i at produsentane har vore få, er det musikalske universet til bandet sprikande og svært referanserikt. Kjernen, Sæther og Ryan, byrja å lytte systematisk og nært i tidleg alder, og har uttalt at deira møte med miljøet rundt Kunstakademiet i Trondheim i starten av 1990-åra, og Helge Sten, gjorde til at referanserammene deira blei ytterlegare utvida.

Diskografien til Motorpsycho er eit massivt og mangfaldig mylder av om lag 150 utgjevingar. Norske, tyske, italienske, australske og amerikanske. Det finns utgjevingar som opphavleg kom som lp, ep, singlar, cd-ep, cd, 2xlp, 3xlp eller 2xcd, differensierte miksar, avhengig av format, ulike versjonar av låtar, boksutgjevingar, eksklusive opplag, forskjellig omslagsdesign og innpakking, versjonar med plakatar, eller buttons, eller t-skjorter, parallellgravering, raderingar, alt med ulike katalognummer og utgjevings-år.

Det som bind alt dette i hop er i hovudsak lyden av soniske vitskapsmenn i aksjon.

Synnøve Engevik

Kurator og prosjektleiar for Supersonic Scientists

motorpsycho