Utstillinga

”Dette møtet kan bli kort, eller det kan bli langt. Spørsmålet er: hvordan går det med bronsestatuene av Hans Magnus og meg? Du vet, det blir ikke noe utstilling dersom dem ikke blir plassert ved hovedinngangen til Rockheim.” (Bent Sæther, 3. oktober 2014)

 
Oktober 2015 opnar Rockheim utstilling om det norske rockebandet Motorpsycho. Tittelen er Supersonic Scientists. Gjennom denne bloggen kan du halde deg oppdatert på, og påverke prosessen fram mot opning. På grunn av bandets svært dedikerte og kunnskapsrike fanskare ynskjer me ein dialog rundt innhaldet i utstillinga, men kanskje òg rundt tema som me må velje bort. E-postadressa som du kan bruke er: supersonicscientists@rockipedia.no

Det kompromisslause, seigliva og stadig utforskande rockemaskineriet Motorpsycho hadde sin offentlege debut med kassett og konsert for tjuefem år sidan. Då Rockheim skulle gripe fatt i den massive materien relatert til dette produktive bandet, var det nødvendig å velje nokre fokusområder. Eit fokusområde i utstillinga vil være innspelings- og studioproduksjon, då dette er eit underkommunisert og lite dokumentert område når det gjeld rocken generelt og bandet spesielt.

Studioproduksjon og plateprodusentar er tema som tradisjonelt har dukka opp i omtalen av pop, kommersiell underhaldning og dansemusikk. I diskursen om rock har det vore lite snakk om denne svært viktige delen av den kreative prosessen og det musikalske uttrykket.

Dette heng saman med hierarkiet som har eksistert mellom pop og rock innan både journalistikken og akademia. Eit slags høg- og lågkulturskilje som oppstod i samband etableringa av folk-rocken, psykedelia, ideen om rock som kunst og dei fyrste undergrunnsavisene i San Francisco og London i midten av 1960-åra

Rocken blei ”ekte”, og kunne fortelje oss noko viktig om livet. Artisten fekk integritet, makt, og laga kunst for kunsten si skuld, ikkje for pengar og popularitet. I boka The Art of Record Production. An Introductory Reader for a New Academic Field (2012) skriv Simon Frith og Simon Zagorski-Thomas at utfordringa med å studere studio- og innspelingsproduksjon er ikkje at den er multidisiplinær, samt teoretisk og praktisk orientert. Men heller korleis feltet utfordrar godt etablerte idear (både innafor og utanfor akademia) om korleis musikk fungerer, kulturelt og estetisk, og derfor korleis den bør forståast.

Å studere innspeling er å fokusere på to aspekt ved musikalsk praksis som konvensjonelle musikkstudie har ein tendens til å ignorere: det teknologisk og det kommersielle. Det er også å stille spørsmål ved etablerte idear i vår kvardagslege musikkforståing, som posisjonen til den individuelle musikalske skaparen og mytologien rundt det musikalske verket.

Motorpsycho har komponert haugevis av effektive rockeriff, rørande melodi- og tekstliner over spennande harmoniske progresjonar, og dei har utvikla seg til å bli eit rytmisk utforskande band. Dei er også eit svært erfarent live-band som alltid leverar energi, overraskingar og ikkje minst ei form for flukt frå kvardagen under konsertane sine. Men ideane som blir formidla på scenen har inkubasjonstid i øvingsrommet, og blir utkrystallisert og materialisert i studio gjennom varierande mengder lag med lyd, uventa og mangfaldig instrumentering, elektronisk prosessering, ymse spontane utbrot og smakfulle soniske kontrastar.

Bent Sæther (1969) og Hans Magnus Ryan (1969), som begge har vore med i bandet sidan 1989, har brukt store delar av livet på å jobbe og vente i kontroll- og innspelingsrom fattige på naturlege lyskjelder, men rike på analoge og digitale lydkjelder. Trass i dette eksisterer det berre nokre få film- og fotokjelder som dokumenterer denne viktige delen av livet, karrieren og kunsten deira.

Rockheim kan ikkje love bronsestatuar, men mykje anna i utstillinga Supersonic Scientists som opnar i Rockheim Temporær, Trondheim, fredag 16. oktober 2015.

Synnøve Engevik

Kurator og prosjektleiar for Supersonic Scientists

Siste innlegg

Siste kommentarer

Arkiv

Kategorier

Meta

Morten Haugdahl Written by: